Tilbake til alle arrangementer

Middelalderforum 2025 - Eit kongeportrett i 1856; ei kvelvribbe i 1944; ein steinkross i 2024. Om steinsamlinga ved Universitetsmuseet i Bergen som kjelde til det norske mellomaldersamfunnet

  • Frille og Dyvekes vinkjeller 7 Hollendergaten Bergen, Vestland, 5017 Norway (kart)

Professor i mellomalderarkeologi Alf Tore Hommedal gir eit innblikk i Universitetsmuseet i Bergen si samling av bygningsstein og kva denne kan fortelje om det norske og europeiske mellomalderlandskapet.

Foredraget tek utgangspunkt i tre sentrale funn: eit marmorportrett av kong Øystein Magnusson, ei kvelvribbe frå 1944 og ein steinkross frå 2024. Det arkeologiske funnet av kongeportrettet i 1853 stadfesta opplysningar frå mellomalderlege skriftkjelder om at Munkeliv kloster vart grunnlagt av Øystein Magnusson. Funn av bygningssteinar frå klosteret inspirerte dei første systematiske arkeologiske utgravingane i Bergen, og fragment frå Munkeliv-kyrkja vart til og med brukt i utsmykkinga av Bergens Museum sitt nybygg på Nygårdshøyden i 1865.

Foredraget tek for seg korleis denne tonnevis tunge samlinga kastar nytt lys over mellomalderens bygningspraksisar, forvaltningstradisjonar og kulturhistorie.

Sted: Frille og Dyvekes vinkjeller, Hollendergaten 7.
Arrangementet er ope for interesserte.

https://www.uib.no/middelalderklynge/176851/%C2%ABeit-kongeportrett-i-1853-ei-kvelvribbe-i-1944-ein-steinkross-i-2024-om

Forrige
Forrige
16. mars

Saklig søndag på Litteraturhuset: Veien til Waterloo med Harald Høiback

Neste
Neste
18. mars

Bokseminar: Det gamle Oslo 1000–1624